Og kampanjen Skolebibliotekløftet har verkeleg sett skulebibliotek på sakskartet. Åmås har kanskje rett i at vi framleis ikkje når fram til rikspolitikarane - bibliotekmeldinga let framleis vente på seg, og det same gjer programmet for skolebibliotekutvikling. Men kampanjen har mobilisert breitt og fått mykje merksemd i media,

Av særleg interesse for Universitetet i Agder var tankane om eit nasjonalt senter for skulebibliotekkunnskap. Så vidt eg skjøna, verkar det som om departementet ønsker å legge kunnskapsområdet inn under Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen ved Høgskolen i Bodø. Mange ser Oslo eller Agder som meir naturlege fagmiljø å bygge på. (Oppdatering: I presentasjonen frå arrangement 29, Skolebibliotekutviklingsprogrammet, skriv Øystein Johannessen (avdelingsdirektør i Kunnskapsdepartementet) til lysark 17: "2. Stabilt kompetansemiljø og nye tilbud. Universitetet i Agder foreslått som nasjonal node ") Følg utviklinga på wikien som fungerer nærast som ei tankesmie for kampanjen.
Jørn
2 kommentarer:
Så flott!!! Men når kommer foredraget du holdt i Bergen ut på verdsveven og bloggosfæren, Jørn.... :-)
Ja, eg synest det er moro at Skolebibliotekløftet har fått vind i segla. (Presentasjonen min klarte eg å lure inn på side 2...)
Legg inn en kommentar