fredag 28. mars 2008

Kva les bibliotekarar på nettet?

Tord Høivik har i lang tid ført register over kva norske bibliotekarar skriv på nettet. Men kva les dei? Og kva anbefaler dei til kollegaer?

RSS-lesaren Bloglines har lenge gjort det mulig for brukarar å dele lister over bloggane dei les. T.d. har Niels Damgaard og Anders Ericson "public profiles". Dette medfører to artige funksjonar:
  1. Du kan enkelt opprette di eiga leseliste ved å eksportere abonnementa til ein abonnent med "public profile" som OPML-fil, og importere denne for å få ein flying start på di eiga RSS-lesing.
  2. Du kan sjå kor mange - og av og til kven - som abonnerer på ein bestemt blogg eller RSS-straum. T.d. er det ein Bloglines-brukar som abonnerer på Bramseil per 28. mars.


BiblioBabl, utvikla av Magnus Enger, byggjer på Google Reader, og byr på ein del andre finesser. Google Reader har lenge mangla ein del av dei sosiale funksjonane som Bloglines tilbyr. BiblioBabl byggjer på opne RSS-straumar av "starred" eller "shared items" frå Google Reader-abonnentar. Dette viser kva for nokre bloggar som faktisk vert lesne og sett pris på. Slik gjev BiblioBabl :

  1. Statistikk som gjev grunnlag for å vurdere kva for nokre RSS-kjelder som kan vere verdt å abonnere på
  2. Ein RSS-straum over anbefalte artiklar frå kollegaer. Denne fila burde ha potensiale til å kunne vere ein slags "Best of bibliobloggosfæren"
  3. Ei OPML-fil som etterkvart vil innehalde rubb og rake av bibliotekrelaterte RSS-straumar på nettet (høver best for den RSS-avhengige)

Førebels har BiblioBabl få brukarar, men smakebitane du finn i høgrekolonna på Bramseil burde kunne falle i smak for fagbibliotekarar.

3 kommentarer:

Henry sa...

Veldig bra, inspirerte meg til å endelig sette opp en bloglines-konto.

Anonym sa...

Bramseil er no oppe i "3 total subscribers" hjå Bloglines, og har dermed parkert UBIS-bloggen fullstendig.

Birgitte Kleivset sa...

Hihi!
For en bra artikkel, Jørn! Lærte MASSE!! Så dessverre ved å klkke på Plinius-lenken at undertegnede får æren for herværende blogg: "Bramseil. Birgitte Kleivset m.fl." Hihi! Verden er uretferdig, dere !!!

 
z"); pageTracker._trackPageview();