Aktueltportalen melder at rektoratet har kasta seg på bloggbølgja.
Førebels minner Rektorbloggen meir om ein dekontekstualisert fetter av debattforumet enn om ein rival til slepejolla vår. Kvar er RSS-straumen?
I motsetjing til skribleria på stuert- og dekksgut-tunge Bramseil, vitnar mellomlandinga til offiserane på brua om luftige visjonar. I forhold til Teft trur eg bloggsprellet er eit jump i rett lei. Likevel tippar eg at både Bramseil og Rektorbloggen snart vil vere akterutsigla. "2.0-funksjonalitet" må byggjast inn i kvardagsverktya våre, som Bibsys og Brage, for å kunne bli noko meir enn triveleg tidtrøyte.
OEB: Reklame jeg lot meg påvirke av
for 9 år siden
1 kommentar:
I det andre innlegget på bloggen skriv Egeberg eit svært interessant innlegg om forskingformidling, der han tek til orde for ein formidlingsmodul i budsjettet.
Han streifar også innom det institusjonelle arkivet AURA, som skal innehalde følgjande tre publikasjonskategoriar:
" 1. Arbeider som allerede er publisert gjennom publiseringskanaler som er definert som vitenskapelige [...] 2. Godkjente masteroppgaver [...] 3. Godkjente doktoravhandlinger [...]
Ville det ikkje vere naturleg å legge inn ein "formidlingsmodul" som 4. kategori i Aura? Her kunne publikasjonar som Teft og Rektorbloggen trekke trafikk og krysslenke til originalforsking. Førebels manglar AURA/Brage kommentarfunksjon og RSS-straumar, men det bør Bibsys kunne fikse på strak arm.
Legg inn en kommentar