Bramseil er det første større fellesprosjektet ved UBA der vi fullt og heilt baserer oss på ei ekstern teneste: Blogger-plattforma til Google. Det er ikkje uproblematisk. Samstundes opnar det ei ny verd.
University of Southampton brukar eksterne tenester aktivt på vevsidene til
Isoton. Ein god idé?
Med Google-kontoen får UBA tilgang til:
Kontoen kan også nyttast til Google Maps, Talk, Analytics (nettstatistikk, m.a. brukt av UiA sentralt) og betalingstenesta Google Apps. Google Apps er særleg interessant, ettersom tenesta på sikt nok vil ta opp konkurransen med tradisjonelle læringsplattformer som Fronter. Når vi i løpet av året skal få internrutinene over i wikiformat, bør vi vurdere Google Apps.
Tilsvarande konto hjå Yahoo ville gje tilgang til tilsvarande tenester som Flickr, Yahoo Pipes, del.icio.us og Jumpcut. Flickr er allereie ein sikker vinnar i bibliotekverda, sjå t.d. Flickr-boksen med skolebibliotekbilete i høgrekolonna,
Library of Congress,
Utsira bibliotek eller
Picture Australia.
I tillegg brukar enkelte av oss tenester frå Wordpress.com, Grazr, Slideshare og ei handfull andre tenester i kurssamanheng. Når tilfører eksterne tenester noko ekstra til UiA-veven? Når bør vi opprette felleskontoar, og når bør vi halde oss til individuelle kontoar? I mangel av kompetanse til å få på plass ei eiga
sandkasse for blogg- og wikieksperimentering, slik University of Cincinnati Libraries har gjort, trur eg det blir vanskeleg å unngå eksterne leverandørar i tida framover.
Jørn