torsdag 3. mars 2011

KORG-dagene i Oslo 2011

Anne Åse og Ragnhild Kristine deltok på Kunnskapsorganisasjonsdagene 2011 i regi av Høgskolen i Oslo. Her er lenke med program og pdf-filer frå foredraga. Meir info om ikkje så lenge.

Kort og popularisert referat frå Kunnskapsorganisasjonsdagene 2011 på Høgskolen i Oslo 27. - 28. januar 2011. Arrangørar var Ragnar Nordlie, Unni Knutsen og Kim Tallerås frå Avdeling for journalistikk, bibliotek- og informasjonsfag (JBI).

Det vil bli referert frå 6 av 12 foredrag.

Først ute var Karen Coyle (digital library consultant frå California, USA) med "Bibliografiske data i nye samanhengar". Coyle jobbar for tida mykje med problemstillingar rundt semantisk web og linked data. Ho starta med å snakke om RDA (Resource Description and Access) - dei nye katalogiseringsreglane som skal erstatte AACR2. AACR tek utgangspunkt i den (gode?) gamle kortkatalogen mens RDA-katalogisering er basert på FRBR (Functional Requirements for Bibliographic Data). Ved å registrere data på denne måten vil det bli lettare å dele data, enklare å lenke mellom ulike typer data og postar frå bibliotekkatalogar vil kunne bli tilgjengelege online, eller "made web-able" for å bruke K.C.'s uttrykk. (Eit eksempel frå 2025(?): Google ei bok- og i tillegg til treff frå Amazon.com eller Bokkilden ser du at boka står på hylla hos UBA Grimstad.)
Karen Coyles heimeside
Coyle's InFormation (blog)
Open Library

Pode-prosjektet på Deichmanske bibliotek i Oslo har FRBRisert 4 forfattarskap (Hamsun, Petterson, Tolkien og Shakespeare). Kvifor? Sjøl om metaddataene er gode resulterer dette ikkje i gode, presise trefflister. Etter FRBRiseringa var presisjonen tydeleg forbetra.
Pode-prosjektets heimeside
Podes prosjektblogg

Unni Knutsen frå JBI gav oss ei praktisk (og humoristisk) innføring i RDA.
Av større endringar nevnte ho: latin skal ikkje lenger nyttas, forkortingar blir det mindre av og "Rule of three" er borte. Sitat frå Knutsen: "Det er enkelt, men det kommer til å gjøre vondt."
Karen Coyle kunne legge til at RDA møter motstand i USA. RDA skulle bli enklare enn AACR2 men den (nåverande) trykte versjonen er på 1200 sider (!) RDA (publisert sommaren 2010) blir testa i regi av dei 3 nasjonalbiblioteka (The Library of Congress, National Agricultural Library og National Library of Medicine.)
Sitat frå Library of Congress sine heimesider:

"January 1-March 31, 2011: The US RDA Test Coordinating Committee analyzes the results of the test and prepares its report to the management of the three national libraries.The report will be shared with the US library community."
Library of Congress. Testing RDA timeline
RDA toolkit (Full tilgang kun mot betaling)
Joint steering committee for development of RDA


Ingebjørg Rype og Elise Conradi frå Nasjonalbiblioteket presenterte arbeidet med ny norsk webDewey. Denne er planlagd ferdig ved utgangen av 2012 og vil kun bli tilgjengeleg på nett.
Norsk webDeweys heimeside
Norsk webDeweys blogg

Magnus Enger frå Libriotech stilte det dramatiske spørsmålet "Må MARC dø?" Spørsmålet blei kontant besvart av den andre pdf'en frå foredraget: JA!
Kvifor?
- eit kaos av ulike standardar (NorMARC, BibsysMARC etc.)
- dette gjer det vanskeleg å utveksle data
- viktig å legge til rette for maskinlesbarvennleg registrering av data
MARC must die heimeside

Håkon Wium Lie frå Opera software starta sitt foredrag med å berette om tida som tilsett ved CERN på 90-tallet- der han delte kontor med sjølvaste Tim Berners-Lee.
Temaet var "Fri tilgang til offentlige data." Lie meiner offentlege data som er laga/samla ved hjelp av offentlege middel bør gjerast tilgjengelege for dei som har betalt, altså deg og meg. Han brukte blandt andre Statens kartverk som eksempel. SK vil ikkje gjere karta sine offentleg tilgjengelege (og dei sit på materiale som ifølge Lie sannsynlegvis er betre enn Google maps).
Eit eksempel på det motsette er yr.no som offentleggjer data frå Meteorologisk institutt.
data.norge.no

Ragnhild Kristine (blogg-debutant)

Ingen kommentarer:

 
z"); pageTracker._trackPageview();