torsdag 24. mars 2011

Vinterkrigen og det finske folk

Fotoutstillinga "Vinterkrigen og det finske folk sett med Ruth Hammers øyne" er nå på plass i UBA Grimstad.

Vinterkrigen braut ut då Sovjetunionen angreip Finland 30. november 1939. Sovjets diktator Josef Stalin hadde forventa å erobre heile landet innan slutten av 1939, men den finske motstanden sinka og stoppa dei tallmessig overlegne sovjetiske invasjonsstyrkane. Finnane heldt stand fram til 13. mars 1940, då dei underteikna ein fredsavtale.

Ruth Hammer (født 1907) frå Eydehavn reiste til Finland i desember 1939 og kom tilbake 6 veker etter med fotografia som blir vist her.

Utstillinga er eit samarbeid mellom fotosamlingas eigar Eydehavnmuseet og Nordisk informasjonskontor Sør-Norge. Utstillingsansvarleg er Foreningen Norden v/ Ørnulf Bang og utstillinga blir verande i Grimstad t.o.m. torsdag 31. mars 2011.

Illustrasjonsfoto frå Wikimedia commons

Ingen kommentarer:

 
z"); pageTracker._trackPageview();