søndag 18. mai 2008

Nulla dies sine linea

Bramseil har runda 50 innlegg, og med det må vel skuta seiast å ha bestått fartsmila. Ei kjapp opptelling syner at godt og vel eit fotballag har skiftast om å ta hand om roret.


Plinius (som kanskje må seiast å vere gudfar til skuta?) har i fleire år operert med ei skrivetrapp for tenkande bibliotekarar. I denne trappa er bloggen heilt oppe på 5. trinn.

Men eit bramsegl fangar ikkje dei store vindane åleine. Fagerli, som i dag trakkar til frå høgdene på det åttande trinnet, vil nok rekne ein blogg til selskapet utgjort av "tvilsomme døgnfluer som Second Life og Facebook" - kan hende med rette.

I HiO-nytt og Universitetsavisa finn ein ofte oppheita og omfemnande debattar om bibliotek og læringssenter. Debattforumet ved UiA er oftast i monologsjangeren. På Agder er bibliotek (som alt anna) anten "så greit" eller "så sabla greit". Kva ville skje om me opna nyhendesidene på biblioteket for debatt? Eller om me gav Brage ei fangline til det sosiale nettet?

Truleg vil Bramseil ha best av å plaske rundt på Kjuttavigvis i vår eigen andedam også den neste sjømila.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Brage kunne i det minste hatt RSS for nye publikasjoner! Sukk...

Henry sa...

Bra analyse av Bramseil, Jørn.

Hva gjelder UiAs debattforum kunne det nok vært litt mer kruttrøyk her ja, det er nok av sterke meninger i korridorene på denne institusjonen. Kanskje på tide å dra frem kanonene?

Jørn sa...

Hei, Magnus. Er det vanskelegare enn dette (evt. supplert med ørlite konfigurering å få RSS-straumar frå Brage?

Henry: Problemet med debattforumet hjå UiA er først og fremst plasseringa. Det er sakene under Aktuelt som må kunne diskuterast. Frå Aktuelt-sida har Xtractor registrert 19 klikk dei siste 14 dagane. HiO-nytt har vore ope for kommentarar sidan 2003 - minst - og etter den skrantne hugsen min sidan 90-talet.

Anonym sa...

Jørn skreiv:
"Det er sakene under Aktuelt som må kunne diskuterast"

Au, nyhendesakene under Aktuelthar jo alt konmmentarfunksjon...

 
z"); pageTracker._trackPageview();