fredag 7. mars 2008

Fronter ved UBA

Fredag 7. mars heldt eg eit innlegg om bruk av Fronter ved UBA på arrangement 30 på Det 71. norske bibliotekmøte, Bibliotek og læremiddelsystemer.

Jan Erik Kofoed frå Bibsys innleia med bakgrunnsinformasjon om prosjektet, som i fjor fekk innvilga 400 000 kroner frå ABM-utvikling. Prosjektet har hatt ein trang fødsel, og ambisjonane er følgjeleg moderert til å integrere minst ei Bibsys-teneste i Fronter.

Alexander Pettersen frå Fronter presenterte tankane verksemda deira har om søketenester. Dei har utvikla eit klyngesøk via SRW som gjer at du kan søke direkte i læringsobjekt frå forlag og mediebedrifter via Fronter. Ut frå presentasjonen kunne det synest som om Fronter har planar om å lage si eiga digitale skrivestue basert på pay-per-view. Ein ny bibliotekkonkurrent? Tore Hoel skreiv i oktober i fjor eit godt innlegg om kampen om læringsmarknaden for tida - Standardenes plass i krigen om markedet for digitale læremidler.

Og nettopp opne e-læringsstandarder er noko av det som interesserer meg mest for tida. Ved UBA er vi opptekne av tre Bibsys-funksjonar i Fronter:

  1. Eit eige BIBSYS-verkty
  2. Bibsys-søkeboksar/menyar
  3. Infrastruktur for tilrettelegging av "faste søk"/tilleggslitteratur - helst på emnenivå frå bibliografiske databasar

Alle verktya må vere enkle å tilpasse til lokale tilhøve og andre læringsplattformer enn Fronter. Desse funksjonane presenterte eg med utgangspunkt i skissene til Ellen, som tek utgangspunkt i den eksisterande "Min side" i Bibsys. Sentrale problemfelt vil vere sams pålogging (FEIDE, SSO, autentisering (Shibboleth/OpenID)) og standarder som RSS/OPML.



Ny partner i prosjektet frå og med 2008 er Universitetsbiblioteket i Tromsø. Tone Mikkelsen presenterte bruken av Fronter ved UiT. I Tromsø vert læringsplattforma aktivt utnytta til bibliotekundervising.

Arrangementet vert også omtalt av John Didriksen på UBIS-bloggen.

Jørn

Ingen kommentarer:

 
z"); pageTracker._trackPageview();