onsdag 12. mars 2008

Skolebibliotekløftet

Arrangementet Skolebibliotekløftet - en evaluering var annleis enn dei fleste andre arrangementa på årets bibliotekmøte. Skulebibliotekarane utmerkar seg ved engasjement og taletrong, og debatten bølgja livleg under presentasjonen til Astrid Flagstad.

Og kampanjen Skolebibliotekløftet har verkeleg sett skulebibliotek på sakskartet. Åmås har kanskje rett i at vi framleis ikkje når fram til rikspolitikarane - bibliotekmeldinga let framleis vente på seg, og det same gjer programmet for skolebibliotekutvikling. Men kampanjen har mobilisert breitt og fått mykje merksemd i media, Skolebibliotekløftetog det var semje i salen om at fokuset på skulebiblioteket som arena for lesedugleik og leseglede aldri har vore større.





Av særleg interesse for Universitetet i Agder var tankane om eit nasjonalt senter for skulebibliotekkunnskap. Så vidt eg skjøna, verkar det som om departementet ønsker å legge kunnskapsområdet inn under Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen ved Høgskolen i Bodø. Mange ser Oslo eller Agder som meir naturlege fagmiljø å bygge på. (Oppdatering: I presentasjonen frå arrangement 29, Skolebibliotekutviklingsprogrammet, skriv Øystein Johannessen (avdelingsdirektør i Kunnskapsdepartementet) til lysark 17: "2. Stabilt kompetansemiljø og nye tilbud. Universitetet i Agder foreslått som nasjonal node ") Følg utviklinga på wikien som fungerer nærast som ei tankesmie for kampanjen.

Jørn

2 kommentarer:

Birgitte Kleivset sa...

Så flott!!! Men når kommer foredraget du holdt i Bergen ut på verdsveven og bloggosfæren, Jørn.... :-)

Anonym sa...

Ja, eg synest det er moro at Skolebibliotekløftet har fått vind i segla. (Presentasjonen min klarte eg å lure inn på side 2...)

 
z"); pageTracker._trackPageview();