2008 ser ut til å bli eit betre Mime-år enn fjoråret. Dei som brukar Mime har sikkert lagt merke til følgjande gode (og halvgode) nyhende:
- ScienceDirect er på plass
- Direktelenker til idunn.no
Oppdatering: Direktelenker til Idunn.no er berre tilgjengeleg ved direkte søk i Idunn under "Avansert søk". Ellen har også gjort meg merksam på at frase- og kombinasjonssøk framleis går ut i feil.
Visse betringar er det også i Atekst-søket. Det vert lenka direkte til nyare artiklar frå Aftenposten, Dagbladet og Nationen. Når det gjeld dei andre avisene, kan du klikke på avisartikkel-tittelen og slik få opp fulltekst i samandragsfeltet - ...i litt rufsete format (og eg veit ikkje korleis dette slår ut på pris og statistikk). Test sjølv på http://mime.bibsys.no/.
Statistikken syner elles at UiA tevlar med NHH og HiST om å vere den tredje største brukaren av Mime i januar og februar 2008 (markert bak UiS og BI).
Fleire forbetringar er på trappene, mellom anna vert det eksperimentert med færre klikk fram til fulltekst på testserveren. Endringane vil vonleg bli annonserte fortløpande i RSS-format. Ex Libris var sjølvsagt på plass i Bergen og reklamerte for nyvinninga Primo, som mellom anna vert brukt av KB.dk. Sett utanfrå manglar Mime ein god del på å ta steget opp i eliteserien for holistisk søking.
Jørn
3 kommentarer:
Vi må legge inn IDUNN i generell basevalg - ellers får vi ikke direktelinkene.
OG pass på IKKE SØK FRASE - da går IDUNN ut i feil, eks.
IKKE: Kroppslig beredskap MEN: kroppslig AND beredskap
ES
Eg ser at Idunn sviktar både ved frasesøk og fleire variantar av boolske søk... Og forfattarsøk. Så det må kanskje meir finpussing til før Idunn er klar for standardutvalet.
Synes vi godt kan legge inn IDUNN i generelt basevalg - selv om den går ut i feil.
Ved eksport til Endnote - så legger det seg en link til IDUNN som ikke funker. Må heller klipp/lime inn URL i endnoteposten fra den linken BIBSYS gir direkte. Ellers rufsete med år og nummer
Legg inn en kommentar