mandag 28. april 2008

UBA toolbar?

Vil ei eiga nettlesarbasert verktylinje gjere UBA meir synlege?


Verktylinja UBiT har utvikla for Firefox er tilgjengeleg under MIT-lisens. Å tilpasse denne til UBA krev likevel meir IT-kompetanse enn vi rår over.

Libx er eit brukbart alternativ i lettvektsklassa. I Libx går det ikkje an gruppere databasane etter emne. Databasar som opererer med sesjonar (Mime, ISI WoS m.fl.) fell utanfor. Ei minimumsløysing for Firefox (med Ask, Pubmed, JSTOR og Britannica) var til gjengjeld svært lett å få på plass. Ta gjerne ein kjapp test.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Når det gjelder tilpassing av NTNU verktylinje: Ta kontakt med meg direkte hvis dere trenger hjelp med dette (det kan også gies lynkurs i tilpassing & testing).

Jeg har enda å legge ut dokumentasjon om denne (og kildekode), så det kan umulig sies å være noen enkel jobb å tilpasse den enda.

Jørn sa...

Eg tek gjerne kontakt til sommaren! Fram til då bør eg nok konsentrere med litt meir om "virksomhetsplanen"... Verktylinja di fortener i høgste grad større merksemd - du publiserer gjerne ein artikkel i E-LIS eller eit bransjetidsskrift om du får tid?

Anonym sa...

Det funker jo glimrende jørn- bortsett fra den ekstra keywordlinjen. har installert hos meg selv nå. fortsett å jobb med dette! flere baser bør vel på plass før vi tilbyr den til våre brukere - men allerede nå er den nyttig.

Anonym sa...

Bra jobba, Jørn! Kunne du tenke deg å dokumentere fremgangsmåten på BibLab-allmenningen, ihvertfall fra et overordnet perspektiv?

Jeg har ikke satt meg inn i hvordan dette funker (enda), er det "ting" (definisjoner av kilder el.l.) man kan dele, sånn at vi unngår dobbeltarbeid rundt om i de tusen bibliotek?

Anonym sa...

LibX-vertylinja vil bli lågt prioritert vidare. Men LibX har ein del innebygd funksjonalitet som gjer den interessant - m.a. går det an å dele konfigurasjonar. Svært mange av desse er dessverre kopla til institusjonsspesifikke proxy-løysingar. Eg legg gjerne ut ein notis på BibLab-wikien når eg har laga ein "public" versjon og testa korleis Firefox handterer oppgradering av LibX-versjonar. Ellen: Den ekstra keyword-linja kan erstattast av ISSN, forfattar-søk o.l., men eg veit ikkje om eg kan fjerne den.

Jørn sa...

Verktylinja har no status "public".

Bibsys-søket er gjort om til CQL-syntaks, slik at ISBN-søk vonleg fungerer (jfr. "cues" frå Amazon og Google Books).

Anonym sa...

Flott med utvidelser Jørn - ebsco: kan du også få inn cinahl og medline?
eller hva med å dele opp ebsco:
business, health, education?

 
z"); pageTracker._trackPageview();