mandag 28. april 2008

Supplementær vevstatistikk

Gjennom Google Analytics-rapportane får vi kvar månad oversyn over dei 30 mest brukte sidene med ordet bibliotek i nettadressa. Kva som røyver seg i djupet under kan vere like interessant. UiA abonnerer også på Xtractor frå Online Services. Programvaren har ein del openberre manglar, t.d. vantar Xtractor oversyn over eksterne koplingar. Noko kan ein likevel lese ut frå tala deira (klikk på bileta for betre oppløysing).


Klikk-kartet frå dei siste 14 dagane syner at biblioteket fortener eige underbruk på portalnivå. Bibliotekportalen er den nest mest populære internlenka frå startsida til Universitetet.



Antal klikk til bibliotekportalen er likevel berre ein brøkdel av kva som kjem studentportalen til gode. Studentportalen vert suverent hyppigast vitja. Frå denne sida får biblioteket heile 10 prosent av klikka. Noko av dette skuldast nok at nettlesarane på alle skranke-PC-ane og bibliotekterminalane våre har studentportalen som startside.


På hovudsida vår er "Finn fagstoff" den store slageren, tettast følgt av direkteknappen til fagsider. Stor lekkasje til "Student og studier" er som venta. At vel 7 prosent prøvar å klikke seg inn på startsida vår frå startsida vår er urovekkjande. Skuldast det berre at Xtractor inkluderer robottrafikk?

RSS har ikkje slått an (null klikk dei siste 30 dagane). Det rimar godt med talet på Biblioteknytt-abonnentar hjå Bloglines.


Den som har lyst til å fordjupe seg ytterlegare i statistikken kan få tilgang til Xtractor via Henrik. Ved å klikke deg nedover i strukturen under "Usability"-fana, får du fort eit bilete av kva som røyver seg på mikronivå i UiA-veven.

Ingen kommentarer:

 
z"); pageTracker._trackPageview();